|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
NVE Retningslinjer 2/2011 ”Flaum og skredfare i arealplan”
Fjellskred Vi bruker omgrepet fjellskred om svært store (og sjeldne) skredhendingar der hundre tusen til mange millionar kubikkmeter steinmasse flyttar seg raskt nedover ei fjellside. Undervegs vil massane rive med seg vegetasjon, steinurer og andre lausmassar. Slike skred startar som oftast med store deformasjonar i ei fjellskråning, slik at det oppstår eit ustabilt fjellparti.
Rørsla kan skje gjennom ein kompleks kombinasjon av fall, gliding eller ein rask straum av masse. Undervegs vil steinblokker bli splitta i mindre fragment, og i motsetning til steinskred kan skredmassane oppføre seg som ein massestraum med lang rekkjevidde. I eit dalføre vil fjellskredmassane kunne strekkje seg fleire kilometer oppover og nedover ein dalbotn og klatre opptil eit par hundre meter oppover i den motsette dalsida.
Det er få registrerte fjellskred i historisk tid, så det er vanskeleg å berekne sannsynet, men når dei skjer så kan konsekvensane bli mykje større sidan store volum er involvert, stor rekkevidda og fordi dei kan lage store flodbølgjer om dei treff innsjøar eller sjø.
Kartlegging av fjellskred er svært kostnadskrevjande, og det krev spesialkompetanse innan fleire fagområde.
NVE har derfor tatt ansvaret for en nasjonal kartlegging av fjellskredobjekter, og det forventes ikkje at kommunane skal ta ansvar for dette.
Om din kommune har fjellparti som moglegvis kan vere ustabile så gje beskjed til NVE og/eller NGU. NGU jobbar med å kartleggje moglege fjellskredområde i Noreg.
Losneområde: bratte fjellparti med helling > 40-45 gradar Skredbane: massestraum eller uregelmessig (hoppar, sprett og rullar nedover dalsida). Utløpsområde: skredtunge, kan ha stor rekkevidde
Stabilitet Fjellskred startar som oftast med store deformasjonar i en fjellskråning, slik at det oppstår et ustabilt fjellparti. Dette inneberer at fjellmassane er i ferd med å losne frå underlaget. Ofte kan en observere sprekker som har utviklet seg over mange år.
Om eit fjellparti vil losne eller stabilisere seg er avhengig av: Styrke på bergarten Oppsprekkingsgrad Kor ru glideplanet er (friksjon) Laust materiale på glideplanet Hellinga på moglege glideplan Vasstilgang
Rørsle i sprekke kan målast og overvakast.
Losneprosessar: Fjellskred kan bli utløyst av jordskjel, variasjon av vasstrykk, erosjon, frostsprenging, tining av permafrost, forvitring og nedbryting av ujamnskapen i sprekkar og brudd i intakt berg.
Skredløpet og utløpsområde Oppknusing og innblanding av luft og vatn kan føre til at skredet vert til ein massestrøm med stor rekkevidde. Avsettingar frå fjellskred har ein meir kaotisk, uregelmessig form enn avsettingar frå steinsprang og steinskred.
Sikringstiltak Teoretisk er det mogleg å gjennomføre fysiske sikringstiltak mot store fjellskred (fjerning av ustabilt fjell, drenering av grunnvatn med meir). For mange fjellskredområde er det praktisk og økonomisk umogleg. Overvaking og varsling basert på målingar av rørsle i fjellsida og beredskapsopplegg for evakuering er dei mest aktuell tiltaka for sikre seg mot skadane av eit fjellskred.
|
|