|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / tenester /
|
Kap. 10 - Kva er eit skred?
|
Oppdatert 19. desember 2011 kl. 13:09 av Tore Dolvik
|
|
Eit skred eller eit ras er eit naturfenomen der tyngdekrafta bidrar til at materiale som stein, lausmassar eller snø kjem nedover en skråning i terrenget.
|
|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
NVE Retningslinjer 2/2011 ”Flaum og skredfare i arealplan”
Eit skred/ras er eit naturfenomen der tyngdekrafta bidrar til at materiale som stein, lausmassar eller snø kjem nedover en skråning i terrenget. Rørsle kan skje gjennom fall, gliding eller en rask strøm av masse, og sjølve skredet kan òg innehalde vatn i ulike mengder. Ein enkelt skredhending kan ofte vise seg å være en kombinasjon av ulike skredtypar og/eller en kombinasjon av flaum og skred.
Skred kan delast inn i følgjande kategoriar: Fast fjell ..... o Steinsprang og steinskred ..... o Fjellskred
Lausmassar Snø
Vanlegvis vert skredbana delt inn i tre delar: Losneområde Skredløp Utløpsområde (rekkevidde)
Kvar kategori har fleire undergrupper som kan ha forskjellige eigenskapar.
Skred som går ut i sjø eller innsjø, kan generere flodbølgjer. Skred kan også fylle opp elveløp og tronge dalføre og resultere i oppdemming. Når vatnet bryt gjennom, kan ein få flaum eller flodbølgje nedstraums.
|
|
|
|
|
|
|
Bruksnummer - samanslåing
|
Lagt ut 19. desember 2011 kl. 08:03 av Bjørn Vik
|
|
Har du ein eigedom som inkluderer fleire bruksnummer, så er det gratis å få samanslått desse til eitt bruksnummer.
|
|
Vilkåra for samanslåing av bruksnummer er:
- at dei ligg inntil kvarandre
- at det er same eigar(ar)
- at det ikkje er hefte på bruksnummera som vert fjerna som ikkje står i attverande bruksnummer.(Særleg pengehefter)
- At samanslåinga ikkje er i strid med godkjent kommune/reg.plan.
Ved å venda deg til Geodata-avdelinga eller i fellessekreatet kan du få tilsendt skjema for samanslåing av bruksnummer.
Epost: bjvi@kvam.kommune.no
|
|
|
|
|