|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / tenester /
|
Kap. 145 - e) tiltak som krev store inngrep i naturen
|
Oppdatert 13. januar 2012 kl. 15:08 av Tore Dolvik
|
|
|
|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
e) tiltaket krev høge skjeringar, høge murar eller store fyllingar Etter skredulukka i Ålesund er ein meir observant på skred som følgje av menneskeskapte skjeringar. Ein bør og vere obs på gamle murar og store fyllingar.
Høge skjeringar - område som i utgangspunktet er stabile, kan ved sprenging bli skredfarleg. Sprenging av høge skjeringar kan blottlegge sprekkesystem og slepper som ikkje lar seg oppdage før sprenginga (jf. Ålesund 2008). Utfall frå skjeringa kan utgjere stor fare for bustader og det er viktig å ta omsyn til dette, både ved plassering av bustad og undersøkingar av den utsprengte skjeringar i etterkant.
Høge murar - det er viktig å vurdere om det lar seg gjennomføre og om det vil fungere over tid. Det er mange eldre murar som i dag er ein stor rasfare på grunn av manglande vedlikehald. Ved høge murar er det òg viktig å ta omsyn til dreneringsvegar og trykk frå massane i bakkant.
Store fyllingar - Store fyllingar bør sikrast slik at dei på sikt ikkje rasar ut eller på annan måte vert ustabile. I Kvam har det vore fleire jordskred der hagen (små fyllingar) har rasa ut på grunn av manglande sikring. Hagen er fylt ut framfor huset med for stor helling i front, og slik kan det stå i titals år før det plutseleg rasar ut. I store fyllingar kan konsekvensen vere mykje større enn ved små fyllingar.
|
|
|
|
|
|
|
Eigedomsforvaltning - grunn
|
Lagt ut 21. mars 2013 kl. 11:35 av Trude Birknes Buene
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon Utarbeiding av dokument, avtalar, økonomisk oppgjer m.m.
2. Kva omfattar tenesta Kjøp og sal av grunn til ulike offentlege/private føremål der Kvam herad er eigar, t.d.: Areal for framtidig bustad-/industriplanlegging Friområde/utmark Vegar, parkeringsplass Avtalar om grunn, t.d. leigeforhold, vegrettar Grunnerverv, ekspropriasjon
3. Kven får tenesta Dei som kjøper/sel grunn av/til Kvam herad eller inngår avtalar med heradet om leige av grunn Dei som har - eller skal kjøpe - eigedom i Kvam, og der heradet har interesser i tilknyting til eigedomen
4. Korleis få tenesta Kontakt avdelinga Avtale og analyse i Stabseininga, gjerne via Fellessekretariatet. 5. Sakshandsamingstid Ingen sakshandsamingsfristar Skriftleg søknad/spørsmål sendast pr e-post eller brev Evt leggje ved relevante dokument
6. Kva kan eg forventa av dei tilsette At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte. At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
6. Pris / kostnad Førespurnader er gratis Gebyr kan verte aktuelt avhengig av type sak
7. Heimelsgrunnlaget for tenesta Forvaltningslova, offentleglova, reglar om offentlege anskaffingar og EØS-reglar Kommuneplan for Kvam, arealdelen, vedtak HST-sak 058/06, 13.06.2006 Kommunedelplan for Norheimsund Vest, vedtak HST-sak 014/03, 11.02.2003 Kommunedelplan for Kvamskogen, vedtak HST-sak 083/11, 06.09.2011 Gjeldande reguleringsplanar, disposisjonsplanar og utbyggingsplanar for det aktuelle område
Heradet kan ikkje innfri forventningane i søknaden eller avtaleutkastet når tiltaket kjem i konflikt med gjeldande lovverk, statlege retningsliner, naboar sine rettar og juridisk bindande planar.
8. Klage Det kan klagast på enkeltvedtak. Klagefrist er 3 veker. Skriftleg klage skal stilast til fylkesmannen, men sendast Kvam herad. Klagen vert avgjort av fylkesmannen om den ikkje vert teken til fylgje i heradet.
11. Praktiske opplysningar Opningstider rådhuset 09.00 – 15.00 mand - fred Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer: 56 55 30 00 - Fax: 56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no Ajourholdt av avdeling for Avtale og analyse
Epost: trubue@kvam.kommune.no
|
|
|
|
|