|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / skredhandbok /
|
Kap. 145 - e) tiltak som krev store inngrep i naturen
|
Oppdatert 13. januar 2012 kl. 15:08 av Tore Dolvik
|
|
|
|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
e) tiltaket krev høge skjeringar, høge murar eller store fyllingar Etter skredulukka i Ålesund er ein meir observant på skred som følgje av menneskeskapte skjeringar. Ein bør og vere obs på gamle murar og store fyllingar.
Høge skjeringar - område som i utgangspunktet er stabile, kan ved sprenging bli skredfarleg. Sprenging av høge skjeringar kan blottlegge sprekkesystem og slepper som ikkje lar seg oppdage før sprenginga (jf. Ålesund 2008). Utfall frå skjeringa kan utgjere stor fare for bustader og det er viktig å ta omsyn til dette, både ved plassering av bustad og undersøkingar av den utsprengte skjeringar i etterkant.
Høge murar - det er viktig å vurdere om det lar seg gjennomføre og om det vil fungere over tid. Det er mange eldre murar som i dag er ein stor rasfare på grunn av manglande vedlikehald. Ved høge murar er det òg viktig å ta omsyn til dreneringsvegar og trykk frå massane i bakkant.
Store fyllingar - Store fyllingar bør sikrast slik at dei på sikt ikkje rasar ut eller på annan måte vert ustabile. I Kvam har det vore fleire jordskred der hagen (små fyllingar) har rasa ut på grunn av manglande sikring. Hagen er fylt ut framfor huset med for stor helling i front, og slik kan det stå i titals år før det plutseleg rasar ut. I store fyllingar kan konsekvensen vere mykje større enn ved små fyllingar.
|
|
|
|
|
|
|
|
Forord
|
|
Lagt ut 16. desember 2011 kl. 14:07 av Tore Dolvik
|
145 |
e) tiltak som krev store inngrep i naturen |
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|