|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / skredhandbok /
|
Kap. 142 - b) tiltaket er nær bratte skråningar
|
Oppdatert 13. januar 2012 kl. 15:07 av Tore Dolvik
|
|
Bratte skråningar over 27° kan vere skredfarlege. Tiltak i, over og langs foten av skråninga kan auke skredfaren.
|
|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
Tiltak nær skråningar med helling over ca 27° - det vert sjeldan utløyst jordskred eller snøskred i skråningar mindre enn ca 27-30°. Jord med mykje glimmer eller leire, nær vasskjelder og/eller i nærleiken til vasslaup som i periodar med ekstremnedbør har stor vassføring, kan det løysast ut jordskred i skråningar lågare enn 27°. Det har samanheng med friksjonen i lausmassedekket og bergoverflata, drenering/permeabilitet i lausmassane og terrengforma.
Kor mykje er 27°? Om ein skråning er 5 meter høg og 10 meter lang er den ca 27-30 gradar, det spørs om lengda er vinkelrett på høgda eller ein målar lengda frå foten av skråning til toppen av skråninga. Tommelfingerregel er at lengda er to gonger høgda.
Kor nær er nær? Rekkevidda til eit snøskred eller jordskred er avhengig av lengda på skråning og kor vassmetta jorda/snøen kan bli. Eg har ingen god tommelfingerregel å kome med kor nær er nær.
Bergskrent i skråninga? Om det er ein brattkant i skråninga kor det kan kome steinsprang vil steinane moglegvis ikkje bli bremsa ned noko særleg i skråninga. Rekkevidda for steinsprang vert dermed større.
Traktorveg eller andre menneskelege inngrep i skråninga? Tiltak i ei skråning kan auke skredfaren i skråninga. Graving i botn eller fylling på toppen av ein skråning kan auka skredfaren om det ikkje vert gjort tiltak. Det same gjeld sjølvsagt graving i eller fylling på ein skråning. Det er mange jordskred som har starta frå traktorvegar, då desse til dømes kan forandre dreneringa i skråninga.
|
|
|
|
|
|
|
|
Forord
|
|
Lagt ut 16. desember 2011 kl. 14:07 av Tore Dolvik
|
142 |
b) tiltaket er nær bratte skråningar |
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|