|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
Kva er ein bergskrent? Ein bergskrent er eit stup eller fjell med meir enn 45° helling som er høgare enn 8-10 meter. Lågare brattkantar kan sjølvsagt gjøre skade om ein byggar for nær, men skadepotensialet og rekkevidda aukar mykje med høgda på skrenten.
Kor nær er nær? Det kan vere vanskeleg å definere, men ein tommelfingerregel kan vere at om tiltaket kjem innanfor 1 gong høgda (det vil seie til dømes mindre enn 10 meter frå ein bergskrent som er 10 meter høgt) bør ein vere merksam. Rekkevidda er vanlegvis 1/3 til ½ av høgda, men det er avhengig av kvar ein losna stein kan treff. Rekkevidda er større om blokka treff fjell enn om det treff lausmassar som kan bremse energien til blokka. Hellinga under brattkanten har òg mykje å seie for rekkevidda til losna stein, og er det bratt nok kan den trille langt før den vert bremsa. Store fjellskred har en mykje større rekkevidde enn steinsprang.
Har fjellet mange sprekker? Berggrunn som er sprokke opp har sjølvsagt fleire moglege flater å skli på, og vatn, is, trerøter og svelleleire kan bygge opp trykk i sprekkene og presse ut blokker. Kor skredfarleg område er kan vere avhengig av sprekkeretning og tilgang på vatn.
Veks det tre i nærheita av brattkanter/fjellskjeringar? Rotsprenging er ein viktig agens når det gjeld steinsprang, og til ein viss grad for jordskred. Rotsprenging er mest aktiv på våren, men kan skje i heile vekseperioden.
 Bilete til venstre viser ei tiltak som er nært ein bergskrent. Bilete til høgre: Eit nybygg i område merka med raudt (figur til høgre) bør vurderast som mogleg skredfarleg, både med tanke på ein forlenging av aktsemdområde som ein ser nedst til høgre på figuren, men òg på grunn av merksemdkriteria. Tiltaket vert nær ein brattkant, det er fleire sprekker i fjellet og det veks fleire tre langs toppen av bergskrenten, slik at det er fare for rotsprenging.
|
|