|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
12.3.Døme på saker (Kvam herad) Kvam herad tok i 2009 opp politisk spørsmålet om kva heradet skulle gjøre i saker som ligg i aktsemdkartet. Planutvalet hadde møte den 25/2-09 og kom fram til følgjande (019/09/NPB):
I område med potensiell skredfare slik det er vist i NGU sitt aktsemdkart (www.skrednett.no) krev Kvam nærings- plan og bygningsutval at det vert innhenta geoteknisk vurdering av skredrisiko/- sikring, og at sikring vert utført før løyve til tiltak etter søknad om tiltak etter Plan- og bygningslova vert gitt. Geoteknisk rapport skal utarbeidast av føretak med relevant kompetanse innan geoteknikk/ skredsikring. Mindre tiltak, t.d. altan, terasse, mindre garasjebygg, tilbygg og anna som går inn under reglane for "Melding om tiltak» kan tillatast om det ikkje kjem ytterlegare i strid med Plan og bygningslova §68.
Når samla oversikt for skredfare i Kvam føreligg, skal saka opp til ny handsaming.
Vedtaket seier at i Kvam herad så skal regelen vere geoteknisk rapport om søknadsområde ligg i aktsemdkartet, men ein kan gjere unntak for mindre tiltak som ikkje er ”ytterlegare i strid” med lova. Det er administrasjonen som tar vurderinga om tiltaket er ”ytterlegare i strid” med lova. Heradet bruker temarettleiaren til BE (HO-1/2008 "Utbygging i fareområde") som utgangspunkt for vurderinga.
Vedtaket og temarettleiaren (BE HO-1/2008) bygger begge på gamal lov. Ordlyden ”ytterlegare i strid” er tatt ut av ny lov, men så lenge det ikkje kjem ein ny rettleiar eller retningslinje som seier noko anna, så vil me bruke rettleiaren.
I eit svarbrev til Tranøy kommune, datert 6. juli 2011 (lenke), skriv Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) at pbl.85, og at § 87 første ledd, som temarettleiaren HO-1/2008 bygger på og viser til, er ikkje vidareført i § 31-2 i ny pbl. Rettleiarens avsnitt 4.1 ”tiltak på bestående byggverk” er dermed ikkje like relevant lenger. Kommunen kan bruke pbl. § 31-2 fjerde ledd som vilkår for å gje løyve til tiltak i fareområde. Kvam herad må sjå litt meir nøye på brevet for å sjå om me bør ha ny politisk handsaming med ny ordlyd.
Det er ikkje heilt avklart kva risiko kommunen set seg i ved å gje løyve til tiltak på eksisterande bygg i skredfarleg område, men så lenge tiltaket er godt vurdert og vurderinga er nedskriven i løyve så er sjansen for at kommunen vert ansvarleg liten. Det er likevel ein usikkerheit rundt dette, då slike saker ikkje har vore oppe i rettssystemet.
Kvam har prøvd å bruke skjønn og har sidan vedtaket fram til sept. 2011 vurdert 21 saker, der 16 saker er blitt vurdert som ”ikkje ytterlegare i strid”. I dei resterande fem sakane har fire saker stoppa opp, mens ein har fått vurdert skredfaren. Analyse med tal frå byggesak i Kvam og byggesaker i aktsemdområde viser at ca 2 % av byggesakene sidan 2009 gjeld tiltak på bygg i aktsemdområde for skred.
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
|
|