|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / skredhandbok /
|
Kap. 51 - Tinging av geolog og rapporttypar
|
Oppdatert 13. januar 2012 kl. 15:11 av Tore Dolvik
|
|
|
|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
14. Tinging av geolog og rapporttypar NVE Retningslinje 2-2011 "Flaum- og skredfare i arealplanar" ("Retningslinjer 2-2011 utan vedlegg"; "Vedlegg 1 - Kvikkleire"; "Vedlegg 2 - Skredkartlegging")
14.1. Kvifor tinga geolog? Kven som tingar geolog er opp til formålet.
Uromelding Ut i frå ansvar må kommunen vurdere om dei skal tinge geolog for å vurdere om område er skredfarleg eller informere grunneigarar at dei kan tinge geolog.
Det er ein fare for at det ikkje kjem inn uromeldingar om grunneigarane sjølve må tinge geolog. Det kan derfor vere ein fordel at kommunen tingar geolog når kommunen får ein uromelding og kommunen vurderer at geolog er nødvendig, sjølv om dei ikkje har ansvaret for å gjere det.
Det kan òg moglegvis vere lurt å sjekke ut uromeldingar når geologen uansett er i kommunen på eit anna oppdrag.
*Synfaringsnotat
Skredhending Ut i frå ansvar må kommunen vurdere om dei skal tinge geolog for å vurdere om område fortsett er skredfarleg og om det må gjerast tiltak for å hindre nye skred. Om kommunen ikkje har noko ansvar i område kan kommunen vurdere å informere grunneigarar at dei kan tinge geolog.
*Synfaringsnotat *Skredvurderingsrapport
Skredulykke Det er politiet som har ansvaret om det er fare for liv og helse. Det gjeld òg ansvaret for å finne ut om trygt eller ei, og om ein bør tilkalle geolog. Det vil ikkje si at politiet må tinga og betale for geologen, men at dei har ansvaret for at tryggleiken vert vurdert. Det viktigaste er at politi og kommunen er einige om kven som tingar geolog. Om kommunen har ein geolog som er kjend i område så er det ofte best at han vert brukt.
*Synfaringsnotat
Kommuneplan I kommuneplanen skal kommunen bruke aktsemdkarta eller betre kartlegging av skredfaren i omsynssona for skred. Kommunen kan vurdere å tinge geolog for å redusere utbredinga av omsynssona i enkelte areal. Kommunen kan òg vurdere å lage faresonekart i kommuneplanen for enkelte areal. Det er betre å gjøre kartlegginga så tidleg som mogleg i prosessen for å spare tid.
I NVE Retningslinjer 02/2011 og i vedlegg to til retningslinjene er det skildra framgangsmåte og kva som bør vere med i ein skredvurdering i kommuneplan.
*Vurdering av areal (synfaringsnotat+) *Prioriteringar mellom areal *Omsynssone (kommuneplan) *Faresonekart
Reguleringsplan Det er ansvarleg søkar som har ansvaret for å dokumentere søknaden og har ansvaret for å tinge geolog. Det viktigaste er at geologen må ha den riktige utdanninga og erfaringa og at rapporten viser til TEK10 § 7-3. Om det er mogleg fare for skred skal det utarbeidast faresonekart. I NVE Retningslinjer 02/2011 og i vedlegg to til retningslinjene er det skildra framgangsmåte og kva som bør vere med i ein skredvurdering i reguleringsplan.
*Skredfarevurdering *Grunnundersøking *Faresonekart *Sluttrapport
Byggesak Det er ansvarleg søkar som har ansvaret for å dokumentere søknaden og har ansvaret for å tinge geolog. Det viktigaste er at geologen må ha den riktige utdanninga og erfaringa og at rapporten viser til TEK10 § 7-3. Om det må gjørast sikringstiltak på tomta for å stette kravet i TEK10 § 7-3 bør sikringstiltaket vere ferdig og godkjent (sluttrapport) før ein kan få ferdigmelding.
*Synfaringsnotat *Skredvurderingsnotat *Grunnundersøking *Sluttrapport
Tiltak på eksisterande bygg Det er ansvarleg søkar som har ansvaret for å dokumentere søknaden og har ansvaret for å tinge geolog. Det viktigaste er at geologen må ha den riktige utdanninga og erfaringa og at rapporten viser til TEK10 § 7-3. Om det må gjørast sikringstiltak på tomta for å stette kravet i TEK10 § 7-3 bør sikringstiltaket vere ferdig og godkjent før ein kan få ferdigmelding.
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
|
|
|
|
|
|
|
|
Forord
|
|
Lagt ut 16. desember 2011 kl. 14:07 av Tore Dolvik
|
51 |
Tinging av geolog og rapporttypar |
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|