|
Du er her: Startside / Plan og byggesak / skredhandbok /
|
Kap. 44 - Byggesak
|
Oppdatert 21. desember 2011 kl. 14:27 av Tore Dolvik
|
|
|
|
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
12 Byggesak (nybygg og tiltak på eksisterande bygg) Plan- og byggingslova § 28-1 Byggteknisk forskrift (TEK10) § 7.3 med rettleiar NVE Retningslinjer 2/2011 "Flaum og skredfare i arealplan"
12.1 Byggesøknad – nytt bygg Ved nybygg må ansvarleg søkar søke kommunen om løyve til å sette opp nybygget.
I søknadsskjemaet skal ansvarleg søkar krysse av for om det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare og vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold (pbl § 28-1).
Ansvar Ut i frå plan og byggingslova § 28-1 skal kommunen om nødvendig nedlegge forbod mot nybygg eller stille krav til byggegrunn, bygg og uteareal.
Om det viser seg at tiltaket ligg i eit aktsemdområde eller at kommunen av andre grunnar meiner at det kan vere skredfarleg i område skal kommunen krevje meir informasjon, blant anna om tiltaket stettar krava i byggteknisk forskrift til plan- og byggingslova (TEK10 § 7.3 og NVE Retningslinje 2/2011 s33).
Eit nybygg krev ein viss standard og tryggleik som er vist i TEK10. § 7-3 viser at nybygg er delt inn i tre tryggleikssoner for skred etter sannsyn og konsekvens:
S1 (garasje) kan berre byggast i område med nominell sannsyn for skred mindre enn 1/100. S2 (opptil 2-mannsbustad) har nominell sannsyn på 1/1000 S3 (meir enn tre bueiningar) har ein nominell sannsyn på 1/5000
Uteområde kan ligge i eit lågare tryggleikssone enn tiltaket ut i frå personopphald. Det vil seie at uteområde til tiltak i tryggleikssone S3 kan ligge i S2 og uteområde til tiltak i tryggleikssone S2 kan ligge i S1 (rettleiar til teknisk forskrift § 7-3).
Om det føreligg ein rapport som viser at tiltaket ikkje stetter TEK10 § 7-3 skal rapporten skildre sikringstiltak som kan auke tryggleiken slik at TEK10 § 7-3 er stetta.
Sikringstiltak må vere ferdig godkjent før nybygget vert godkjent (om tryggleiken for arbeidarane er truga må sikringstiltaket vere godkjent før ein kan gjere noko anna på tomta).
Oversikt Kommunen må få oversikt over område og vurdere om søknaden inneheld alle opplysningar som er nødvendig.
For å sjekke skredfaren bør kommunen (skjema 16.1): sjekke aktsemdkart for skred (skrednett.no) / omsynssone for skred i kommuneplan sjekke kva som er vurdert i reguleringsplan vurdere terrenget ut i frå kart (merksemdkriteria) rapportar (er det gjort skredvurdering i område frå før) tidlegare skredhendingar erfaring frå område
Synfaring Det må vurderast om synfaring er nødvendig og kan gje sakshandsamar nye opplysningar (om ein er i tvil).
Tinging av geolog Det er ansvarleg søkar som har ansvaret for å dokumentere søknaden og har ansvaret for å tinge geolog. Det viktigaste er at geologen må ha den riktige utdanninga og erfaringa og at rapporten viser til TEK10 § 7-3, og at risikoreduserande tiltak er vurdert om tryggleiken ikkje stettar TEK.
---førre tema--- ---førre side--- ---framsida--- ---neste side--- ---neste tema---
|
|
|
|
|
|
|
|
Forord
|
|
Lagt ut 16. desember 2011 kl. 14:07 av Tore Dolvik
|
44 |
Byggesak |
|  |

|
|
 |
|
| WEBINNSYN - KART
|
|
|