|
|
Referat styremøte 19. april 2012
|
Publisert 19. april 2012 kl. 23:36 av Frank Tangen i Kvam bowlingklubb
|
|
Frammøte: Reidar, Dag, Finn og Frank. Møtet starta kl 20.00 og varr avslutta kl 21.15.
|
|
SAKLISTE 1. Referat frå sist møte 2. Økonomi 3. Årsmøte (dato og saker) 4. Klubbmeisterskap 5. Eventuelt
1. Referatet frå styremøte 11. januar 2012 vart godkjent.
2. Avskriving av eigendeler (hallutstyr, oljemaskin etc) vart ikkje gjort i fjor. I år må dette avskrivast med 30%.
3. Ny årsmøtedato vert onsdag 23. mai kl 1800. Valkomiteen (Tore, Aase og Johan) startar sitt arbeid.
4. Klubbmeisterskapen vert laurdag 2. juni kl 14. I utgangspunktet vert det 6 seriar utan hcp. Den som har høgast pinnefall etter dei 6 seriane er klubbmeister. Vert det mange påmeldt vil ein vurdere å ha ein runde utslagsserie for å få talet deltakarar ned til 16. Det vert mat, drikke og sosial aktivitet etter tevlinga.
5. a) Det vert gjeve kr 2000,- i stønad til kvar av NM-deltakarane.
b) Klubben fortset med same tal lag i dei ulike ligaene som denne sesongen. Det vil sei eitt veteranligalag og tre lokalligalag.
c) Avtalen med huseigar om leigeavtalen går snart inn i sitt siste år. Det nye styret (etter årsmøtet) må difor kontakte huseigar i haust/vinter for å få fornya avtalen.
d) Me gløymde å søke om å arrangerer Cidercupen innan søknadsfristen (februar). Me kontakta kretsen og fekk tilbod om å skipa til arrangementet sjølv om fristen var passert, men helga når siderfestivalen vert arrangert var oppteken og me valgte då å ikkje arrangerer turneringa. Denne turneringa vert difor ikkje arrangert neste sesong. Me får heller vere tidleg ute i 2013/2014 og sikre oss arrangementet.
Epost: frank.tangen@epost.kvam.no
|
|
|
|
KVAM BOWLINGKLUBB |
Sjusetevegen 6 5610 Øystese |
 Oppdatert 21.06.2012 |
|
Styret i Kvam bowlingklubb 2012/2013:
| Verv | Namn | Periode | Telefon | Epost | | Leiar: | Dag Tjosaas | 1 år | 90143386 | dag.tjosaas@kvamnet.no | | Kasserar: | Finn Olesen | 2 år | 91753360 | olesen.finn@gmail.com | | Sekretær: | Frank Tangen | 1 år | 41573625 | frank.tangen@epost.kvam.no | | Seniorkontakt: | Lars Froestad | 2 år | 48211024 | larsaf@online.no | | Styremedlem: | Reidar Olsen | 1 år | 91782877 | reid-ols@online.no |
Valkomite for 2012-2013:
- Aase Lunestad
- Tore Tellevik
Kvam bowlingklubb har kjøpt Hardanger Bowling og vil drive hallen på dugnad. Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
Klubben deltar i Bergen bowlingkrets sin lokalliga med eitt lag i 1. divisjon, eitt i 2. divisjon og eitt lag i 3. divisjon. I tillegg deltar klubben med to lag i veteranligaen på landsbasis.
Kvar siste sundag i månaden vert det skipa til månadscup frå kl. 19 til 22. Dette er ei tevling som er open for alle uansett medlemesskap. Det vert delt ut handicap til spelaranae før start og denne er slik at den favoriserer ferske bowlingspelarar framfor dei som har meir rutine.
MEDLEMSKONTINGENT: Medlemsskap gjeld frå 1. juni til 31. mai- Vaksne: kr. 350,- (inkl. klubbskjorte til kr. 165,- ved førstegongs innmelding)
- Junior (under 18 år): kr. 200,- (inkl. klubbskjorte til kr. 165,-)
- Betal til kto. 5277 06 35977
Dette kontonummeret kan du og nytte viss du vil gje eit bidrag til overtakinga av Hardanger Bowling
 Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registerert spelar kan velge eit lag eller ei foreining som du ynskjer å støtte - din grasrotmottakar. Me oppmodar deg om å velge Kvam bowlingklubb!
Ved spel hjå Norsk Tipping vil 5% av innsatsen gå direkte til det laget du vel å støtte (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at grasrotandelen på ingen måte går ut over innsatsen eller premien din - du vert ikkje belasta for noko ekstra for å vere grasrotgjevar. Du treng Norsk Tipping Spelekort for å knyte deg til grasrotandelen. Spelekort får du kjøpt hjå kommisjonær, eller du kan tinge det på www.norsk-tipping.no.
Kvam bowlingklubb har organisasjonsnummer 995495759 og du kan knyte deg til klubben på ein av fylgjande måtar:- Hjå kommisjonær: Ta med strekkoden og ditt spelekort
- SMS: GRASROTANDELEN 995495759 til 2020 (tenesta er gratis)
- Internet: www.grasrotandelen.no eller www.norsk-tipping.no
- Norsk Tipping mobilspel
- Start mobilspel og vel symbolet for Grasrotandel. Viss du ikkje har Norsk Tipping Mobilspel, kan du laste det ned ved å sende SPILL til 1960.
Sjekk inntekta til Kvam bowlingklubb via grasrotandelen!
|
| Kontaktperson: Dag Tjosaas, telefon: 90143386 |
Epost: kvam.bowlingklubb@lag.kvam.no
|
|
|
Desse sidene er eit gratistilbod til lag og organisasjonar frå Kvam herad
|
|
|  |
|