|
|
|
|
Referat frå medlemsmøte 28.11.2012
|
Lagt ut 28. november 2012 kl. 22:31 av Frank Tangen
|
|
Eit fulltallig styre pluss seks medlemer møtte opp til kveldens medlemsmøte. Tema for kvelden var orientering om aktivitet og økonomi per dato samt innspel frå medlemene.
|
|
SAKLISTE: 1. ORIENTERING FRÅ STYRET OM KLUBBDRIFT, HALLDRIFT OG AKTIVITETEN SÅ LANGT
Klubbens medlemstal er 38 stk per dato. Reknar med å kome omlag som fjoråret på 45 medlemer når sesongen er omme (31. mai 2013).
Aktiviteten har aldri vore så stor hjå dei mest aktive medlemene, men det er eit totalt fråver av den medlemsgruppa som var innom ein og anna klubbtrening i fjor. Ein av teoriane til at desse ikkje har delteke i haust er at bedriftsligaen ikkje har kome i gang. Medlemsmøtet var einige i at bedriftsligaen burde vore starta, men diverre er det ingen som har overskotet til å ta på seg organiseringa av arrangementet. Kanskje nokon melder seg og at me kan starte opp rett over nyåret?
Klubben gjer det resultatmessig særs bra både i lokalliga og veteranliga. Totalt er det fem kvammalag i dei to seriane.
Styret fekk spørsmål om kva forsikringar klubben har og kva desse dekker. Me har ansvarforsikring, men ikkje innbuforsikring. Reidar sjekkar kva ansvarsforsikringa dekkar mellom anna med tanke på eventuelle personskadar som eit resultat av arbeid på anlegget. Klubben har utarbeidd HMS-reglar og det er viktig at me fylgjer desse. Styret sjekkar også opp om eigar si husforsikring dekker skade på klubben sitt utstyr ved brann etc.
Klubben har ein rimeleg sunn økonomi sjølv om me merkar at bedriftsligaen ikkje har vore i aktivitet denne hausten. Finn sjekkar ut om me kan selge brus i hallen utan at dette vert momsbelagt.
2. EVENTUELT
Styret må sjekke opp når siderfestivalen 2013 skal arrangerast og så sende søknad om sidercup den helga. Styret vurderer også om det skal søkjast om ei blømingsturnering våren 2014. Begge turneringane vert med reentry. Det kom inn forslag om ei premiering til spelarar som deltek på begge turneringane samt ein eigen 300-premie.
Klubben opprettar ei facebookgruppe for å marknadsføre aktiviteten og prøve å nå ut til ei noko yngre målgruppe. Tore og Kristin tek seg av dette.
Kjegletrimmen vert arrangert med kvalifisering i heile desember og finale sundag 6. januar. Opplegget vert likt dei to foregåande åra.
Det vart ein lang diskusjon om metoden for laguttak til kampar er rett eller om ein bør finne alternative metodar. Det vart også drøfta om ein skal fokusere litt mindre på kampar under treningane og heller setje av ein liten time på kvar trening til akkurat trening - terpe på ting ein treng trening på. Ove sa seg villig til å organisere ei slik trening viss han får med seg ein til.
Ove stilte spørsmål om klubben ynskjer å delta i lag-NM og veteran-NM viss ein ikkje maktar å stille det til ei kvar tid beste laget. Medlemene var einige i at kvaliteten på laget ikkje skal vere avgjerande for om ein melder på lag til turneringar. Dette har også vore praksisen i vår klubb fram til no. Me har delteke i kretsturneringane for lag år etter år utan å reflektere over kven som har vore med. At me ikkje deltok verken i NM eller veteran-NM for lag i år var rett og slett at ikkje mange nok meldte si interesse.
Epost: frank.tangen@epost.kvam.no
|
|
|
|
|
|
|  | 
 |

Vestkanten |
|
Bergen bowlingkrets |
|
Norges bowlingforbund |
|

|
|
|