|
|
Ove med kjempespel i NM
|
Lagt ut 12. mai 2013 kl. 15:56 av Frank Tangen
|
|
Då var kvemmingane ferdige med sine seks innleiande seriar i NM. For tre av oss vart det med dei seriane, men Ove kom seg til mellomspelet laurdag etter å ha spelt 1262 på sine seks seriar. Det gjer eit snitt på sterke 210,5 per serie og ein 28. plass etter innleiande seriar.
|
|
Det var ganske utfordrande forhold på Veitvedt. Presisjon og atter presisjon var stikkordet. Sleiva ein litt med leveringa, vart ein straffa hardt. Både Kristin, Olav Ludvig og underteikna håpa på betre resultat enn det tavla viste, men moro var det lell. Og ikkje minst særs kjekt at Ove viste seg fram frå si beste side. Eigentleg særs imponerande då ryggen til sabningen slett ikkje er som den skal vere om dagen. Men kanskje det var det som skulle til; dermed måtte han levere kula noko meir roleg og forsiktig og det betalte seg :)
Etter at alle har spela sine innleiande seriar ligg Ove på 28. plass og skal spele mellomspelet i den beste pulja laurdag kl 1400. Dei som ligg frå plass 33 til 64 skal spele mellomspelet kl 1100. Diverre så forverra ryggen til Ove seg og han må trekke seg frå vidare spel.
Frå kretsen er det tre spelarar som klarte kutten i herreklassen; Svenn Rune Hansen, Askøy (nr. 49), Ove Fonn (nr. 28) og Kenneth Haukås, Mascot (nr. 19). I dameklassen er det også tre frå kretsen som klarte kutten på topp 32. Det er Sylvia Ingebrigtsen (nr. 27), Celine Larsen (nr. 26) og Janne Monsen (nr. 13), alle Askøy.
To av kretsens spelarar tok seg heilt til finalen; Kenneth Haukås frå Mascot vart nr 8 til slutt og Janne Monsen frå Askøy gjekk heilt til topps og vart noregsmeister i 2013. Me gratulerer!! Du finn resultat frå NM på denne lenka: http://www.bowlingres.no/turneringer/oversikt/?Turnering=3390
SNITTLISTE HJÅ NBF:
| NAMN | NBF | LOKALLIGA | TOTALT | | Seriar | Pinnefall | Snitt | Seriar | Pinnefall | Snitt | Seriar | Pinnefall | SNITT | DIFFERANSE | | Ove | 164 | 32224 | 196,5 | 68 | 13759 | 202,3 | 232 | 45983 | 198,2 | 0,0 | | Frank | 232 | 45713 | 197,0 | 69 | 13557 | 196,5 | 301 | 59270 | 196,9 | 1,3 | | Andreas | 14 | 2802 | 200,1 | 32 | 6071 | 189,7 | 46 | 8873 | 192,9 | 5,3 | | Finn | 48 | 9101 | 189,6 | 60 | 11229 | 187,2 | 108 | 20330 | 188,2 | 10,0 | | Tore | 15 | 2606 | 173,7 | 59 | 11060 | 187,5 | 74 | 13666 | 184,7 | 13,5 | | Reidar | 36 | 6585 | 182,9 | 64 | 11552 | 180,5 | 100 | 18137 | 181,4 | 16,8 | | Dag | 74 | 13498 | 182,4 | 55 | 9714 | 176,6 | 129 | 23212 | 179,9 | 18,3 | | Olav Ludvig | 182 | 31763 | 174,5 | 51 | 8596 | 168,5 | 233 | 40359 | 173,2 | 25,0 | | Njål | 39 | 6667 | 170,9 | 4 | 698 | 174,5 | 43 | 7365 | 171,3 | 26,9 | | Håkon | 69 | 12016 | 174,1 | 49 | 7965 | 162,6 | 118 | 19981 | 169,3 | 28,9 | | Tor Andrè | 32 | 5393 | 168,5 | 16 | 2588 | 161,8 | 48 | 7981 | 166,3 | 31,9 | | Helge | 60 | 9763 | 162,7 | 40 | 6707 | 167,7 | 100 | 16470 | 164,7 | 33,5 | | Kristin | 107 | 15974 | 149,3 | 9 | 1501 | 166,8 | 116 | 17475 | 150,6 | 47,6 | | Olav | 49 | 7186 | 146,7 | | | | 49 | 7186 | 146,7 | 51,5 |
Epost: frank.tangen@epost.kvam.no
|
|
|
|
|
|