PRISAR AKTUELT VAKTLISTE LOKALLIGA VETERAN 2-MANNSLIGA MÅNADSCUP REFERAT


Om oss
Rekordar
200-klubben
Rankinggrunnlag
Gjestebok
Lenker
Kjegletrimmen
Album
Medlemer
Bedrift
Arkiv
Medlemer i NBF
Treningstips
Admin


- Lyst å bowle? Ring 91 90 31 21
Bra vêr for bowling
14. juli 2017 kl. 11:48 - Frank Tangen
Bra vêr for bowling Me har hatt eit år med store vedlikehaldskostnadar. Dette har tæra ein del på våre likvide midlar. Difor er det gledeleg at den eigentleg rolegaste perioden no er begunstiga med så elendig vêr at både turistar og fastbuande strøymer til inneaktivitetar, som td. bowling. Her ser du bilete av ei nøgd turistgruppe frå Italia som kasta seg rundt i hallen vår onsdag kveld.
Sluttrapport frå veteran-EM i Dublin
1. juli 2017 kl. 10:57 - Frank Tangen
Sluttrapport frå veteran-EM i Dublin Først: Me har hatt det kjekt :) Etter ein del transportutfordingar som absolutt ikkje hadde noko med Norwegian å gjera, så var me endeleg samla i Dublin måndag. Deltakarane frå Kvam i år var Ove Fonn, Olav Ludvig Håbrekke, Helge Lønning og underteikna. Dei første kampane vart spela sundag. Då spela Olav Ludvig sine seks singelseriar. Og strandebermen gjorde tingene bra. 1106 i rein score er meir enn godkjent her nede. Scoren heldt til ein 80. plass av 171 spelarar i klasse B. Bilete: Olav Ludvig klar for kamp
Referat frå medlemsmøte 28. mai 2017
28. mai 2017 kl. 17:56 - Frank Tangen
SAKLISTE 1. Hardangerbløminga - Trekke Hardangerbløminga 2018? 2. Hardangersideren 3. Medlemsskap 2017/2018 - korleis marknadsførar me oss? 4. Aktivitet i hallen i sommar - vaktliste m.m. 5. Påmelding av lag til landsliga, veteranliga og lokalliga 6. Aktivitetsstønad for sesongen 2016/2017 7. Veteran-NM for lag 20-22.10.2017 - interesse? 8. Eventuelt - Klubbleiarmøte BBK 8. juni
Referat frå styremøte 17. april 2017
18. april 2017 kl. 07:19 - Frank Tangen
Det nye styret hadde sitt første styremøte måndag 17. april kl. 1800-2100. Frammøte: Dag, Finn, Olav, Olav Ludvig, Kristin, Frank.
Offisielle rekordar i Kvam bowlingklubb
19. februar 2017 kl. 17:19 - Frank Tangen
I denne artikkelen finn du dei offisielle rekordane i klubben. Seriane må vere spelt i ei turnering godkjent av Norges bowlingforbund. Har studert arkivet vårt og trur eg er komen fram til dei rette rekordane i dei ulike klassane, men viss du meinar noko anna så gje eit vink. Rekorden for enkeltserie kan spelast når som helst i ei turnering, men alle andre rekordar vert rekna frå og med serie 1.
Frank vant Kjegletrimmen - igjen
1. januar 2017 kl. 17:24 - Frank Tangen
For 5. gong i Kjegletrimmen si sjuårige historie trona underteikna på topp når finalespelet var unnagjort. Men det var særs knapp margin dette året. Dag var 10 poeng og Håkon 18 poeng bak.
Rankinggrunnlag for månadscup, kjegletrim og tomannsliga
2. desember 2015 kl. 10:22 - Frank Tangen
Her ser du kva rankinggrunnlag som skal brukast til månadscup, tomannsliga, kjegletrim og bedriftsbowling. Denne artikkelen er lagt direkte inn på venstremenyvalet Rankinggrunnlag.
Referat styre/medlemsmøte 2. september 2015
2. september 2015 kl. 19:42 - Olav Ludvig Håbrekke
Referat frå årsmøte 31. mai 2015
31. mai 2015 kl. 23:28 - Frank Tangen
Stad: Hardanger Bowling Tid: Torsdag 31. mai 2015 kl. 17.00 Frammøte: 9 medlemer.
Årsmøterefereat 2013/2014
19. juni 2014 kl. 22:36 - Frank Tangen
Stad: Hardanger Bowling Tid: Torsdag 19. juni kl. 17.30 Frammøte: 12 medlemer.
Årsmøtereferat 2013
11. august 2013 kl. 15:50 - Frank Tangen
Stad: Hardanger Bowling, Tid: Sundag 26. mai kl. 11.00, Frammøte: 10 medlemer.
Kristin vant månadscupen
30. juni 2013 kl. 22:00 - Frank Tangen
Heile elleve spelarar let sol vere sol og fant vegen inn i hallen til midtsommarens månadscup. Håkon har ikkje vore av dei mest aktive denne våren, men pausen ser ut til å ha gjort han godt. Han opna knallhardt med 218 og 198 pinnar på dei to første seriane. Kristin hang rimeleg bra med, men differansen opp byrja bli noko stor. Men i tredje serien fekk Håkon store problem. Kristin nytta høvet til å passere Håkon og sikre seg eit bra forsprang før siste serien. I siste serien sleit Kristin skikkeleg, men Håkon fekk heller ikkje kula til å lystre og makta difor ikkje å hente inn att bydama. Me gratulerer Kristin med bra speling og eit napp i vandrepokal nr. 3.
Prisliste Hardanger bowling
5. juni 2013 kl. 13:12 - Frank Tangen
Ein kan leige banar på tid eller tal seriar. Matrisa i denne artikkelen viser dei ulike prisane.
Tor Andre Håbrekke Fosse vant månadscupen
28. april 2013 kl. 21:21 - Tore Tellevik
Tor Andre Håbrekke Fosse vant månadscupen Det var juniorens første månadscupsiger. Eilif Brudeseth sette press på Tor Andre i siste serien då han opna med 4 strike, men Tor Andre stod i mot presset og tok sigeren med seg heim. Me gratulerar!!
200-klubben
29. oktober 2012 kl. 23:25 - Frank Tangen
I denne artikkelen finn du ei sortert liste over alle spelarar som har registrert 200-seriar eller meir i vår rankingliste. Ha tolmod - det tek litt tid å hente lista :). Ove er førebels den einaste i klubben med 300-serie.
Tre sigrar i 2. runde i lokalligaen
5. september 2012 kl. 21:16 - Frank Tangen
Måndag tok Kvam2 imot damene på Fyllingen2, medan Kvam3 var vertskap for andrelaget til Os. Førstelaget måtte vente til onsdag før dei fekk invitert Nygård2 på parketten i Øystese. Kampen skulle eigentleg vore spelt på Askøy, men hallen er ikkje klar endå, difor spelar me heimekampen mot Nygård2 no.
Olav Røyrvik vinnar av månadscupen i juli
29. juli 2012 kl. 21:31 - Frank Tangen
Me gartulerer Olav med sin andre månadscupsiger. Den forrige var i august 2011 så sommarsesongen er tydelegvis Olav sin favoritt. Helge Lønning tok 2. plassen i turneringa der 11 spelarar deltok..


RANKINGSNITT - TOPP 10
Gaute Øye Melstveit189
Frank Tangen179
Olav Ludvig Håbrekke172
Helge Lønning164
Kristin Johannessen159
Finn Olesen158
Dag Tjosaas152
Beste serie i veke 29:
17.07.2017 - 20.07.2017
Frank Tangen212
Helge Lønning187

Onsdag 09.08.2017:
Bestilling 17:00 Heile hallen..

Sundag 27.08.2017:
Bestilling 16:30 Styremøte..

Onsdag 06.09.2017:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Sundag 24.09.2017:
Bestilling 16:30 Styremøte..
Bestilling 16:30 Medlemsmøte..

Onsdag 04.10.2017:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Sundag 29.10.2017:
Bestilling 16:30 Styremøte..

Onsdag 01.11.2017:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Sundag 26.11.2017:
Bestilling 16:30 Medlemsmøte..

Onsdag 06.12.2017:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Fredag 15.12.2017:
Bestilling 18:30 Juleavslutning..

Onsdag 03.01.2018:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Onsdag 07.02.2018:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Onsdag 07.03.2018:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Onsdag 04.04.2018:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Onsdag 02.05.2018:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Onsdag 06.06.2018:
Bestilling 18:00 Røde kors, alle b..

Design og utvikling: Frank Tangen, Kvam herad