|
|
|
|
Grasrotandel til Kvam bowlingklubb
|
Lagt ut 1. september 2010 kl. 23:59 av Frank Tangen
|
|
Viss du tippar så registrer Kvam bowlingklubb som din grasrotklubb og klubben får 5% av det du tippar for utan at dette kostar deg noko ekstra.
|
|
No er Kvam bowlingklubb registrert i frivillighetsregisteret med organisasjonsnummeret 995495759. Dermed kan ein registrere Kvam bowlingklubb som mottakar av grasrotandelen viss ein spelar hjå Norsk Tipping.
 Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eit lag eller ei foreining som du ynskjer å støtte - din grasrotmottakar. Me oppmodar deg om å velge Kvam bowlingklubb!
Ved spel hjå Norsk Tipping vil 5% av innsatsen gå direkte til det laget du vel å støtte (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at grasrotandelen på ingen måte går ut over innsatsen eller premien din - du vert ikkje belasta for noko ekstra for å vere grasrotgjevar. Du treng Norsk Tipping Spelekort for å knyte deg til grasrotandelen. Spelekort får du kjøpt hjå kommisjonær, eller du kan tinge det på www.norsk-tipping.no.
Du kan knyte deg til Kvam bowlingklubb på ein av fylgjande måtar:- Hjå kommisjonær: Ta med strekkoden og ditt spelekort
- SMS: GRASROTANDELEN 995495759 til 2020 (tenesta er gratis)
- Internet: www.grasrotandelen.no eller www.norsk-tipping.no
- Norsk Tipping mobilspel
- Start mobilspel og vel symbolet for Grasrotandel. Viss du ikkje har Norsk Tipping Mobilspel, kan du laste det ned ved å sende SPILL til 1960.
Sjekk inntekta til Kvam bowlingklubb via grasrotandelen!
Epost: frank.tangen@epost.kvam.no
|
|
|
|
|
|
|  | 
 |

Vestkanten |
|
Bergen bowlingkrets |
|
Norges bowlingforbund |
|

|
|
|