Om KBTS
KBTS
Vedtekter
Organisasjon
Kontakt
Strategi
Aktuelt
Innsyn

Tomt og hus
Til sals
Flytt til Hardanger

Lenker
Kvam herad

Logg inn
Admin
Kvam bustad- og tomteselskap AS
Utskriftsvenleg side Lagt ut 25. mars 2010 kl. 16:46 av Lars Endre Tholo
Kvam bustad- og tomteselskap AS er etablert som eit kommunalt aksjeselskap. Selskapet skal nyttast strategisk for å nå mål i kommuneplanen for utbygging av bustadområde og auka folketal i Kvam. I tillegg går det fram av kommuneplanen at det må leggjast tilrette for nye og attraktive areal til industri- og næringsutvikling, spesielt i sentrale næringsområde i Øystese og Norheimsund.

Kvam bustad- og tomteselskap AS (KBTS) skal på bakgrunn av kartlegging og analyser vera ein reiskap som kan nyttast til:

 
  • Kjøp og sal av tomter
  • Kjøp og sal av kommunale eigedomar
  • Utvikling av tomteområde og utbygging av attraktive bustader for vidare sal  
  • Leggje til rette for utvikling av næringstomter
  • Byggje sentrumsnære  gjennomgangsbustader til ulike formål ( hyblar for unge, for tilflyttarar som treng mellombels bustad, unge familiar og andre særskilde behov)

 


Kvam bustad- og tomteselskap AS, Sandvenvegen 40 5600 Norheimsund - 56558692 / 97732512 - atle.kjosas@kbts.no