Om KBTS
KBTS
Vedtekter
Organisasjon
Kontakt
Strategi
Aktuelt
Innsyn

Tomt og hus
Til sals
Flytt til Hardanger

Lenker
Kvam herad

Logg inn
Admin
Driftsfinansiering
Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. august 2009 kl. 10:30 av Lars Endre Tholo
Driftsfinansiering
Vedtak 065/09 den 16. juni 2009 i Kvam heradsstyre:

1.      KBTS får opsjon på sal av alle kommunale tomter og eigedomar i inntil 3 år.

2.      For kvar kommunal tomt/eigedom KBTS sel, får  kommunen salssummen med frådrag av dei utlegga selskapet har hatt med tilrettelegging og sal av tomter og eigedomar.  Resten av salssummen vert avsett på bustadfeltfondet og skal seinare nyttast til framtidig kapital i selskapet.

3.       Inntil selskapet er sjølvfinansierande, får selskapet eit lån på inntil 2,0 mill. kr. pr. år i 3 år som skal betalast tilbake med sal av kommunale tomter og eigedomar.

a.       Lånet skal betalast tilbake når KBTS har oppnådd ei tilfredsstillande inntening og har likviditet til å betala attende lånet. Dette skal vurderast kvart år før årsrekneskapen vert lagt fram for godkjenning.

b.      Rentesatsen skal vera den same som heradet nyttar i sine interne rentekalkulasjonar, 3 års statsobligasjonsrente + 1,0 %.

c.       Lånet vert finansiert over Bustadfeltfondet, konto 2536 0003.

4.      Det må utformast ein avtale mellom Kvam bustad – og tomteselskap AS og Kvam herad som regulerer tilhøvet mellom partane.

5.      Selskapet vil styrkje eigenkapitalen for å kunne realisere større prosjekt. Eit framtidig kapital- og garantibehov vil verta lagt fram for politisk handsaming etter at styret har definert kva dette behovet er, og med forslag til konkrete prosjekt.   I desse prosjekta vil kapitalbehov, risiko og inntektspotensiale koma klart fram.



FLEIRE ARTIKLAR
07.08 Styret for Kvam bustad- og tomteselskap AS...
Kvam bustad- og tomteselskap AS, Sandvenvegen 40 5600 Norheimsund - 56558692 / 97732512 - atle.kjosas@kbts.no