Om KBTS
KBTS
Vedtekter
Organisasjon
Kontakt
Strategi
Aktuelt
Innsyn

Tomt og hus
Til sals
Flytt til Hardanger

Lenker
Kvam herad

Logg inn
Admin
Vedtekter for Kvam bustad og tomteselskap AS
Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. august 2009 kl. 09:56 av Lars Endre Tholo
Vedteke av Kvam heradsstyre 18. desember 2008.

§ 1 Namn

Selskapet sitt namn er Kvam bustad- og tomteselskap AS.

§ 2 Føremål

Selskapet skal nyttast strategisk for å nå mål i kommuneplanen om utbygging av bustadområde og auke folketalet i kommunen.  Selskapet skal vera ein reiskap som skal nyttast til tomtekjøp og –sal, utvikling av tomteområde og utbygging av attraktive bustader for vidare sal.  Selskapet skal aktivt leggje til rette for utvikling av naudsynt industri- og næringsareal.

Selskapet skal drivast etter forretningsmessige prinsipp, men vere klår over den samfunnsfunksjon som selskapet har som ei reiskap for gjennomføring av kommunen sin nærings- og bustadpolitikk.

 

§ 3 Forretningskontor

Selskapet sitt forretningskontor skal vere i Kvam herad.

 

§ 4 Aksjekapital

Selskapet sin aksjekapital er på kr 1.000.000,-, fordelt på 100 aksjar kvar lydande på

kr 10.000,- fullt innbetalt.

 

§ 5 Leiing

Styret skal ha 5 medlemer og to varamedlemer.  Leiar og nestleiar skal veljast av generalforsamlinga. 

 

Til å stå for den daglege drifta skal selskapet ha dagleg leiar, som vert tilsett av styret.

 

§ 6 Signatur

Styreleiar saman med dagleg leiar teiknar selskapet.  I styreleiar sitt fråver kan selskapet teiknast av to styremedlemer saman med dagleg leiar.  Styret kan meddele prokura.

 

§ 7 Styremøte

Styremøte vert halde så ofte leiaren finn det turvande, eller når eit styremedlem eller dagleg leiar krev det.  Leiaren kallar inn til styremøte, og innkallinga skal nemne dei saker som ein skal ha føre.  Styret er vedtaksført når tre medlemer er til stades, mellom dei leiaren eller nestleiaren. 

 

§ 8 Styret sin mynde

Styret leiar selskapet i samsvar med føretaket sitt føremål, lover og vedtekter.  Styret skal syte for ei forsvarleg organisering av selskapet si verksemd.  Styret sin mynde omfattar oppretting og nedlegging av stillingar her under dagleg leiar og har elles mynde til å treffe avgjerder i personalsaker. 

§ 9 Generalforsamling.

Kvam formannskap er generalforsamling for  Kvam bustad- og tomteselskap AS.

Ordinær generalforsamling skal haldast kvart år innan utgangen av juni månad.  Innkalling til ordinær generalforsamling skal skje skriftleg med minst 14 dagars varsel.  I innkallinga skal nemnast dei saker som skal vere føre på møtet, og saksdokument skal sendas ut i god tid før møtet.

 

På ordinær generalforsamling vert følgjande saker handsama:

 

  1. Godkjenning av årsmelding og årsrekneskap
  2. Bruk av eventuelt overskot eller dekning av underskot, her under eventuell utdeling av utbyte. 
  3. Val av styre, styreleiar, nestleiar og revisor. 
  4. Fastsetting av godtgjersle til styre og revisor. 
  5. Vedtektsendringar. 
  6. Eventuelle andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga.

 

§ 10 Ekstraordinær generalforsamling

Ekstraordinær generalforsamling vert halde når styret finn det naudsynt.  Det skal og kallast inn til ekstraordinær generalforsamling med 14 dagars varsel til handsaming av eit særleg emne når det er kravd skriftlig av selskapet sin revisor eller av aksjonærar som representerer minst 1/10 av aksjekapitalen. 


Kvam bustad- og tomteselskap AS, Sandvenvegen 40 5600 Norheimsund - 56558692 / 97732512 - atle.kjosas@kbts.no