Lagt ut 11. januar 2010 kl. 12:00 av Hans Atle Soldal
Etter budsjettet vart vedteke har kommunen motteke ulike inntekter som ikkje var budsjetterte. Rådmannen har ved tertialrapporteringa gjeve oversikt over desse inntektene
Lagt ut 10. november 2009 kl. 09:52 av Hans Atle Soldal
Kvam heradstyre har vedteke 69 ulike serviceerklæringar. Desse fins på Kvam herads si heimeside, under menyvalet Tenester ( sjå øverste meny-line - blå tekst) og deretter under menyvalet Serviceerklæringar ( sjå menyvalet til venstre).
Serviceerklæringane viser det nivået Kvam heradstyre har vedteke for omfang og kvalitet på dei ulike tenestene.
Lagt ut 30. september 2009 kl. 22:30 av Lars Kristian Vikøy
2. tertial 2009 vart lagt fram for Kvam formannskap tysdag 29.september 2009. Den viser at heradet sin økonomi er forverra med 0,9 mill. kr. i 2. tertial og netto driftsresultat er no negativt med 8,2 mill. kr.
Heile dokumentet er lagt ved denne artikkelen samt ut på heradet si heimeside om Økonomi og innsparing i filarkivet (Budsjett).
I formannskapet tysdag 2. juni vart det etterlyst ei grudig gjennomgang av heradet sine tenester med sikte på ytterlegare innsparingar. Rådmannen viste i møtet til at heradet på fleire felt har gjennomført grundige analysar dei siste åra. Rådmannen finn det rett på nytt å publisere analysen frå Agenda Utredning om barnehagestruktur, og analysane frå Ressurssenteret for omsorgstenester av pleie- og omsorgstenesta i heradet. Alle er frå 2007. Dertil viste rådmannen i sitt svar i formannskapet til skuletenesten som han meinte òg er grundig analysert etter sju års samenhangande ordskifte.
Lagt ut 26. mai 2009 kl. 08:00 av Lars Kristian Vikøy
Årsrekneskapen for 2008 er no ferdig og vert i år berre lagt ut elektronisk på kvam.no.
Kvam herad hadde i 2008 eit høgt aktivitetsnivå både på drift og investeringssida. Dette ser vi ved at det i 2008 vart eit negativt netto driftsresultat på 5,4 mill. kr. Det rekneskapsmessige resultatet vart i balanse fordi underskotet er finansiert med bruk av fondsmidlar.
I tillegg til årsmeldinga og årsrekneskapen legg vi ut 2 tabellar som viser meir detaljar kring rekneskapen på KOSTRA - område og på kontonivå.