|
Barnehageutbygging i Kvam
|
Lagt ut 23. februar 2010 kl. 15:00 av Lars Kristian Vikøy
|
|
Kvam heradstyre har i budsjettvedtaket for 2010 (HST-sak 125/09) bede rådmannen utarbeida oversikt over bl.a. auka kostnader med ei snarleg ferdigstilling av barnehageutbygging i Øystese og Tørvikbygd og eit alternativ med privat drift av barnehagen i Øystese.
|
|
Det vart i heradstyremøtet 9. februar 2010 lagt fram sak i høve budsjettvedtaket. Saka vart utsett til neste møte pga at eit brev frå Trygge Barnehager AS om privat drift vart delt ut i møtet og det såleis var vanskeleg å ta stilling til innhaldet i dette brevet.
På bakgrunn av budsjettvedtaket og usikkerheit om kva heradet må yta i tilskot til private aktørar, har rådmannen engasjert Telemarksforsking til å berekna det kommunale tilskotet til Sandven FUS barnehage AS for 2009 (drift i 5 månader). Dei har med utgangspunkt i modell frå Kunnskapsdepartementet rekna ut at det kommunale tilskotet i 2009 skal vera kr. 958.555,-. I tillegg kjem kompensasjon for syskenmoderasjon og evt. andre tilskot.
Same modell er nytta til å berekna kva heradet eventuelt måtte betalt dersom Sjydnahaugen barnehage hadde vore privat driven i 2009. Då det manglar budsjett/rekneskap for eit slik alternativ, er det lagt inn ein del føresetnader. Basert på desse føresetnadane viser berekningane at det er liten skilnad mellom privat og offentleg drift. Resultatet av berekningane vart presentert for formannskapet i møte den 16. februar 2010, sjå under.
VEDLEGG
|
|
|
|
|
|  |
|