|
Ekstra inntekter i 2009 - oppdatert 11.01.10
|
Lagt ut 11. januar 2010 kl. 12:00 av Hans Atle Soldal
|
|
Etter budsjettet vart vedteke har kommunen motteke ulike inntekter som ikkje var budsjetterte. Rådmannen har ved tertialrapporteringa gjeve oversikt over desse inntektene
|
|
Det har vore spørsmål i politiske organ om å få oversikt over ikkje-budsjetterte inntekter som kommunen mottek i løpet av eit rekneskapsår.
Dette er alltid inntekter som er øyremerka ulike formål eller prosjekt, t.d. har kommunen fått 5,555 mill. kroner i vedlikehaldspakken. Kommunen har også fått 1,65 mill. kroner til Kvalifiseringsprogrammet i NAV og 1,25 mill. kroner til auka barnehagedrift i 2009.
Andre inntekter er resultat av konkrete søknader til Fylkeskommunen, KS eller Fylkesmannen, t.d. søknad om tilskot til ulike utdanningstilbod.
Samla sett i 2009 var dei samla ekstra inntekter som ikkje var med i det opprinnelege budsjettet kr. 14.975.752. Då alle desse inntektene er knytta til ei tilsvarande utgift, påverkar dei ikkje netto driftsutgifter for kommunen.
Evt. ekstra innbetalte sjukepengar frå NAV ut over budsjetterte sjukepengar er ikkje med i oversikta.
For å få sjå oversikta, sjå filarkivet til høgre på sida "Økonomi og innsparing"
|
|
|
|
|
|  |
|