 Steinsdalsfossen i Steinsdalen er ein av Kvam sine mest kjende turistatraksjonar. Denne fossen kan ein gå bakom og oppleva fossefallet frå undersida. I øvre del av Steinsdalen ligg Lid jarnidustri, ei mekanisk verksemd for ymse landbruksprodukt. Ein finn og Hardanger Bakeri sine produksjonslokaler i nedre del av Steinsdalen.
Steinsdalen strekkjer seg frå Norheimsund og via Tokagjelet opp mot Kvamskogen. Sjølve Tokagjelet er ei kløft som elva har grave ned gjennom skiferen. Riksveg 7 går gjennom fire tunellar i Tokagjelet. Gamlevegen, som vart bygd i perioden 1898 - 1902, går på utsida av desse tunnelane og vert i dag nytta som gang og sykkelveg. Det er ei fantastisk utsikt frå denne vegen.

Steinsdalen skule
Norheimsund vidaregåande skule
Bilete frå Steinsdalen
|