1. Tenestedefinisjon- Kvam bibliotek. Bibliotek- og informasjonsteneste i Kvam herad. (Kostra-teneste 37000/37010).
2. Kven får tenesta- Materialet til biblioteket skal stillast til rådvelde for alle som bur i landet. Alle som skal låne må ha gyldig lånekort. Misleghald av lånereglementet kan føre til tap av lånerett.
3. Korleis få tenesta - Møt opp på ein av Kvam bibliotek sine avdelingar. Biblioteka tek bestilling, rettleiing via telefon og e-post, men vi sender ikkje materiale til heimeadresser.
4. Kva omfattar tenesta - Kvam bibliotek har fire avdelingar:
- Hovedbibliotek i Norheimsund
- Bibliotekfilial i Strandebarm, Øystese og Ålvik.
-
- Biblioteka sine samlingar skal i fylgje Lov om folkebibliotek stille bøker og anna eigna materiale gratis til rådvelde. Materialet skal vere allsidig, aktuelt og ein skal vektlegge kvalitet.
- Kvam bibliotek har ein samarbeidsavtale med skulane i Kvam. Skulane kan vende seg til biblioteket og nytte vår fagkompetanse til utvikling av skulebiblioteka.
- Brukarane pliktar å fylgje Lånereglementet for Kvam bibliotek. Lånereglementet skal sikre at biblioteka sitt materiale vert handsama på ein god måte, og at det vert returnert biblioteket i rett tid.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette- Brukar kan vente at dei bibliotektilsette gjer sitt beste for å rettleie i biblioteket sine samlingar.
- Brukarane kan vente at bibliotekpersonalet gjer ein innsats for å skaffe materiale/informasjon som er tilgjengeleg frå andre bibliotek i landet, dersom dette er ynskjeleg.
- Brukarar har medverknad m.o.t. tenestetilbodet til biblioteket. Alle kan kome med ynskjer om innkjøp og nye/endra tilbod. Biblioteket skal utvikle seg innan pålagde rammer gjennom Lov om folkebibliotek, gjeldande bibliotekplan og brukarane sine behov. Ressursane til bibliotektenesta set grenser for tilbodet.
- Brukaren kan vente å verte møtt på ein høfleg og respektfull måte.
- Brukaren sitt ansvar
- Det vert venta at biblioteket sine brukarar fylgjer biblioteket sine reglar, og at dei syner høveleg framferd.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar- Erstatningsansvar. Frå 01.01.2004 må lånarar betale ved for seint innlevert materiale etter andre påminning. Tapt eller øydelagd materiale må erstattast.
- Gjeldande satsar er:
- For vaksne: 0,- for 1.purring, 25,- for 2. purring, 50,- for 3. purring
- For born: 0,- for 1. purring, 25,- for 2. purring, 50,- for 3. purring
- 4.purring er erstatningskrav
-
7. Heimelsgrunnlag for tenesta- Lov om folkebibliotek (Lov 1985-12-20-108)
- Lånarar har krav på vern om personopplysningar, sjå Forvaltningslova og Lov om personregister og vedteke budsjett.
- Dei bibliotektilsette har teieplikt.
8. Klage /Når ting ikkje fungerer- Forslag til endringar/ klage på biblioteket sine tenester kan ein gje til dei tilsette ved biblioteket.
9. Brosjyrer, anna/meir informasjon:- Informasjon om opningstider ved biblioteka:
- http://www.kvam.no og http://www.kvam.no/bibliotek
- Vend deg til ditt nærmaste bibliotek for meir opplysningar.
-
- 10. Praktiske opplysningar
- Opningstider Hovudbiblioteket, Norheimsund
- Måndag: 10.00-16.00
- Tysdag: 12.00-19.00
- Onsdag: 10.00-16.00
- Torsdag: 12.00-19.00
- Fredag: 10.00-16.00
- Laurdag: 10.00-14.00
- Adresse: Postboks 13, Høganæsgården, 5600 Norheimsund
- Telefonnummer: 56 55 17 99 Fax: 56 55 22 00
- E-post: bibliotek@kvam.kommune.no. , internettadresse: http://www.kvam.kommune.no/bibliotek
- Kvam bibliotek, hovudbiblioteket i Norheimsund, Siv Røyneland
Opningstider Strandebarm bibliotek- Måndag: 15.00-18.00
- Tysdag: 12.00-15.00
- Torsdag: 15.00-18.00
- Adresse: Strandebarm skule, 5630 Strandebarm
- Telefonnummer: 56 55 68 81
- E-post : strandebarm.bibliotek@epost.kvam.no
- Opningstider Øystese bibliotek
- Måndag: 12.00-16.00
- Tysdag: 12.00-16.00
- Onsdag: 12.00-19.00
- Torsdag: 10.00-16.00
- Fredag¨: 12.00-16.00
- Adresse: Hardangersenteret, 5610 Øystese
- Telefonnummer: 56 55 85 75
- E-post: oystesebibliotek@kvam.kommune.no
Opningstider Ålvik bibliotek- Tirsdag: 15.00-19.00
- Fredag: 10.00-14.00
- Adresse: Torget,
- 5614 Ålvik
- Telefonnummer: 56 55 34 99 E-post: alvikbibliotek@kvam.kommune.no
- Biblioteka har redusert opningstid om sommaren. Sjå oversyn på biblioteket sine heimesider: http://www.kvam.no/bibliotek/
|